Stardalen Sommarkafe ligg i vakre Stardalen. Ein koseleg kafe med barnevennleg uteområde.
Vi har stor fokus på heimelaga mat og kaker, og vi gjere vårt beste for å oppfylle kunden sine ynskjer.
Om sommaren er kafeen open kvar dag frå slutten av juni til midten av august. Då er det ala carte-meny mandag til lørdag. Søndagar har vi middagsbuffe og heimelaga kaker. Ellers iløpet av året har vi ope onsdagar og søndagar.
Vi tek imot alle typar arrangement, t.d. møter, bursdag, barnedåp, konfirmasjon, bryllaup, og minnestund. I kafeen er det sitteplassar til ca. 60 personar, men ved arrangement kan det utvidast til ca. 80 sitteplassar. Ved store arrangement kan vi dekke både i kafeen og på loftet, då har vi sitteplassar til ca. 150.
Vi tek imot bestilling på catering heile året. Vi leverer t.d. koldtbord, tapas, supper, gryter, snittar/rundstykker, kaker, julekaker osv. Alt etter ynskje.
I andre etasje har vi møterom med plass til 30-40 personar. Møterommet inneheld prosjektor, skjerm og flip-over. Ved møter er det mulighet for servering av lunsj (må bestillast på førehand).
Besøk oss gjerne på vår heimeside: stardalensommarkafe.no. Der finn du meir informasjon om opningstider, koldtbordmeny, tapasmeny osv.
Kontaktinformasjon:
Tlf.: 918 37 858.
E-post: kafe@stardalen.no
Facebook: Stardalen Sommarkafe.
Langveisfarande? – slik kjem du fram til oss